I dag har eg omsider vore å kjøpt meg omn. No er det varmt i heimen. Og eg koser meg ihjel med levande ljos, klementiner, nytrakta kaffi og smågodt. Livet er i grunn fint. (Særleg når ein kan ha romantisk kvalitetstid med seg sjølv).
Nemde eg at eg er glad i omnen min? Årets kjøp. MINST. (Faen så kaldt det var her før).
fredag 13. november 2009
torsdag 12. november 2009
Adjunkt? Arbeidspsykolog? Høgfartstog?
No er det god stemning på Bjølsen. Dei levande ljosa er på plass. Saman med kaffikoppen. (Ikkje treng eg vera redd for at jævelskapet skal ta fyr heller, for eg hadde visdom nok til å investera i ein ljosslukke-ting på Ikea. Flink er eg).
I dag var eg på førelesning før fuglane feis. Overraskande vaken, i grunn. Og no har eg byrja å leika med tanken på å verta adjunkt. Berre 3 år med studier igjen. Det hadde vore noko. Men eg er vel for glad i lønn til denslags. Kven veit? Ellers leiker eg seriøst med tanken på å byta ut 80-poengsgruppa mi til samfunnsfag. Det gir litt meir meining. Nordisk gir berre litt meir jobb. Skjønner? Men førre veke ville eg flytta tilbake til Bergen å gå arbeidspsykologi, så i denne verda er ingenting gitt. Tenkjer eg.
Kan nokon forresten plis sjå til å bygga det forbanna Høgfartstoget? Eg er keen på å jobba utanfor Sauda. Eigentleg. Og det ville gjort livet mitt vesentleg mykje enklare. På førehand takk.
Men eg saknar UiB, eigentleg.
Joda. I går gjorde eg den fornøyelege oppdaginga at varmeflaska mi lekk. Så no frys tåane mine igjen. Frustrasjon. Men ebay ser ut til å redda livet mitt nok ein gong. Og apropo ebay. Sjekk desse to her.

Det er microbølgomnsauer. Dei kan varmast i microen, så luktar dei lavendel. Og så gler alle hjarter seg. Den nederste er på veg til meg i posten. No manglar eg berre microen til å varma den i. Stor fan av alt som er varmt og mjukt. Er du ikkje samd vel?
Eg har eigentleg frykteleg lyst på den øverste òg. Men tenker at eg skal begrensa meg litt. Sant.

onsdag 11. november 2009
Ikea, igjen.
I dag syns eg sjølv at eg gjorde noko lurt. Eg drog på Ikea med Siv. Eg skulle ha eit stativ til å tørka oppvasken min på. Siv skulle ha dyna og puta. Slik såg handlekorga vår ut etterpå:
Og eg har 29 penger igjen på kortet. Det er jo alltids gøy.
Kan eg eta talgeljos? Det har eg nemlig ein del av. Saman med eit rosa teppe til badet mitt. Og ein talgeljossløkkar. Fordi eg tenkte det var kult nok å nesten setja fyr på leiligheten ein gong, eg treng ikkje gjennta suksessen. Sant.
Ellers så var det landsmøte i Senterungdommen i helga. Og det var sjølvsagt gøy. Særleg stor pris satt eg på å sitja i resolusjonskomiteen, som innebærer at eg berre kunne gløyma å sova natt til fredag. Søvnmangelen ordna seg sjølv natt til laurdag. Men søvn er jo som kjend oppskrytt, så lenge det ikkje er på morgonen. Knis.
Men ellers var det heilt kanongøy, altså! Landsmøtet blei ikkje flytta, og eg slutta som 4. vara, og gjekk over til 4. styremedlem. Hurra-hurra!
Sjølvsagt skulle eg ynskja at svineinfluensa kunne halda dei stygge fingrane sine vekke frå delegasjonen min, men det hjalp heller dårleg. Difor var me berre 3 flotte jenter på Rogalandsbenken. Men me var til gjenngjeld utruleg flotte då.
Utenom dette så går det i eit, på det jamna. Det var expaedinnlevering før helga, og innlevering av kvalifiseringsoppgåva i NOR1300 i dag. Den var eg og Karen ferdig med klokka halv fem i dag tidleg. Det kjentes litt unatrulig ut å bruka ord som "orgasme" og "sex-partnerar" i ei innlevering, men det er vel berre ein del av den absurde kvardagen som litteraturstudent.
Ja. Og så er det visst eksamen snart. Tenker at det er litt udigg. Men så er det jo jul etterpå. Og så kjem mammaen heim om halvanna veke. Det er alltid noko å gleda seg til, meiner då eg.
No trur eg at eg må sova. Døgnrytme ass.
(Det triste er at eg hadde sjukt mykje gøy eg skulle blogga om i dag, men endte opp med å gløyma 90%. Prøv å overlev)
Og eg har 29 penger igjen på kortet. Det er jo alltids gøy.Kan eg eta talgeljos? Det har eg nemlig ein del av. Saman med eit rosa teppe til badet mitt. Og ein talgeljossløkkar. Fordi eg tenkte det var kult nok å nesten setja fyr på leiligheten ein gong, eg treng ikkje gjennta suksessen. Sant.
Ellers så var det landsmøte i Senterungdommen i helga. Og det var sjølvsagt gøy. Særleg stor pris satt eg på å sitja i resolusjonskomiteen, som innebærer at eg berre kunne gløyma å sova natt til fredag. Søvnmangelen ordna seg sjølv natt til laurdag. Men søvn er jo som kjend oppskrytt, så lenge det ikkje er på morgonen. Knis.
Men ellers var det heilt kanongøy, altså! Landsmøtet blei ikkje flytta, og eg slutta som 4. vara, og gjekk over til 4. styremedlem. Hurra-hurra!
Sjølvsagt skulle eg ynskja at svineinfluensa kunne halda dei stygge fingrane sine vekke frå delegasjonen min, men det hjalp heller dårleg. Difor var me berre 3 flotte jenter på Rogalandsbenken. Men me var til gjenngjeld utruleg flotte då.
Utenom dette så går det i eit, på det jamna. Det var expaedinnlevering før helga, og innlevering av kvalifiseringsoppgåva i NOR1300 i dag. Den var eg og Karen ferdig med klokka halv fem i dag tidleg. Det kjentes litt unatrulig ut å bruka ord som "orgasme" og "sex-partnerar" i ei innlevering, men det er vel berre ein del av den absurde kvardagen som litteraturstudent.
Ja. Og så er det visst eksamen snart. Tenker at det er litt udigg. Men så er det jo jul etterpå. Og så kjem mammaen heim om halvanna veke. Det er alltid noko å gleda seg til, meiner då eg.
No trur eg at eg må sova. Døgnrytme ass.
(Det triste er at eg hadde sjukt mykje gøy eg skulle blogga om i dag, men endte opp med å gløyma 90%. Prøv å overlev)
tirsdag 3. november 2009
Eit syteinnlegg (sidan det var så lenge sidan sist)
No sit eg eigentleg men begge beina godt planta i salaten. Og eg innser premien for å vera ein jævel på å utsetja ting.
På fredag byrjar landsmøtet. Før den tid må eg ha skrive ferdig pedoppgåva mi, som eg knapt har byrja på. Eg skal på møteish/Senterstudsosialt i morgonkveld, henga med Karen å jobba med kvalifiseringsoppgåva (som òg nesten skal vera ferdig denne veka) på dagen, og før det skal eg til frisøren å klippa av meg det satans håret. Det blir gøy. Og jo. Så er det expaed halve torsdagen. I tillegg er det utarbeiding av endringsframlegg g, landsmøtetalar som må klekkast skikkelig ut, ja. Å så var det desse fråsegna eg skal ordna då.
Akkurat no er det så mykje at eg ikkje veit heilt kvar eg skal starta. Difor heng eg på bloggen, msn, twitter og facebook i staden. Tru om det nokon gong blir folk av meg.
Og ja. Så har eg innleia eit forhold til kaffitraktaren min. Det tok litt tid, men no er det alvor, altså.

mandag 2. november 2009
Eg kler å vera bimbo
Eg vil påstå at eg kler å vera bimbo. Trur eg skal byrja med alt for mørk fundation, lipgloss i søkk og kav, og eyelinervaldtekt av augo kvar dag. Det hadde vel vore festleg, vel?(Sanninga er at eg fekk fundationprøve. Og likbleik som eg er, så sa det seg jo sjølv at det kom til å gå galt. Og eg kunne sjølvsagt ikkje dy meg. Og som det gavmilde mennesket eg no ein gong er, fann eg ut at det ikkje var anna enn rett og rimelig at eg delte moroa med meg. Tjohei. Eg føreslår at alle skaffer seg alt for mørk fundation, lar det stå til, for så å publisera bileta. Det er så gøøøøy).
Greit. Eg skulle ha vore i seng for sirka seks timar sidan. Men sidan eg har snudd døgnet på ein slik praktfull måte, så er eg altså ikkje det. Derimot har eg rukket å konsumera ein kopp kakao og ein kopp te, samt klora saman denne fråsegna eg har plapra om i nokre veker. Samt lesa meg opp på emnet før eg lot blekket spruta. Sant og sei så har eg vore meir produktiv enn eg nokon gong er på dagtid. Tenk. Så måtte eg liksom berre runda det av med eit fantastisk gjennomtenkt blogginnlegg.
Feel free 2 le av meg og ikkje med meg. Så skal eg feela free 2 å sova hardt og lenge. Liker min omgang med det engelske språk, i grunn.
(Og forresten, finns det over hovudet nokon god forklaring kvifor folk postar hundervis av bilete av seg sjølv i kvart einaste blogginnlegg?! )
Abonner på:
Innlegg (Atom)