For ein dag. Eg skulle liksom rydda og pakka til eg skulle flytta. I staden fekk eg kontrakt på leilighet i posten. Umøblert på Bjølsen. Så nytta eg resten av dagen på å fundera på om eg heller burde gå for ein møblert, og då takka nei. Og eg diskuterte fram og tilbake med meg sjølv. Med mamma. Og med meg sjølv igjen. Klokare blei eg ikkje.
Trur kanskje dette høyres litt absurd ut. Men altså, eg innsåg at det var ein del praktiske problem med å gå for ein umøblert. Tildømes må eg plutseleg kjøpa meg seng. Og så skal alt transporterast og fiksast. Eg er ikkje i fiksehumør, tenk! Dessutan så skal eg visst ha andre møbler enn seng òg, og det var eigentleg der problemet mest låg. For Ikea har av ein eller anna grunn ikkje møbler som passar mine tankar (eg nytta litt tid på ikea si heimeside i dag, for å sei det slik). Og sånn eigentleg eigentleg så forelska eg meg litt i bordløysinga på Bjølsen. Type to bord i eit. Det passa meg midt i blinken. Og det har sjølvsagt ikkje Ikea.
Konklusjonen må altså bli at eg takka nei til ein leilighet eg eigentleg vil ha (for det gjorde eg), fordi eg er forelska i eit bord, og syns senger er dyrt. Veit ikkje heilt om det er logisk.
Dagen min gjekk altså med til tenking, og det er ikkje så latterleg lett som det høyres ut til. Eit slit var det. Ok. Eg nytta dagen til å ligga i hengekøya, eta snop og lesa "Tehanu" til Ursula Le Guin. Men eg tenkte hard for det, altså! (Ikkje min feil at det blei sol når eg skulle rydda. Eg måtte jo testa den nye solkremen min òg).
Fekk forresten nesten eit fly i hovudet i dag. Eit skikkelig folk i lufta fly. Det var jævlig absurd heile greiene. Var ute på terrassen og, uhm, tenkte, og brått kom det ein høg susande ljod. Og så kom flyet. Fyrste tanken var "helvete, det kjem til å styrta i vegen". Det gjorde det ikkje, men det var ikkje mykje om å gjera. Så kom det seg over den lille haugen borti her, berre nokre meter over hustaket til huset på toppen. Det var heilt sjukt. (Det var forresten ikkje særleg mange meter over hovudet mitt heller).
Men flyet forsvann utover fjorden, trur eg. Høyrte i alle fall ikkje noko plask.
(Når skal eg eigentleg slutta å blogga når eg er for trøyt til det? Det blir jo berre vas)
onsdag 15. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 glade mennesker:
nååå går ikke istid lenger i sauda -_- ..... nei, du e søt !
hahaa, du er søt!
Du ska ikke ta den nesten-fly ulykken som et tegn på at du kanskje skulle begynne å pakke? :P En sånn liten påminnelse liksom: Kom deg i huset og pakk ellers jager jeg deg inn med et fly ;D
Elsker de snåle innleggene dine:D:D:D Du er flink til å skrive altså:D
Men iallefall. Senor Peregrino må du lese. Skal du lese noe som helst i år.. Les den..
Men du spurte hva jeg liker slags bøker, og det blir mye spenning/drama/eventyr.
Som f.eks.
"Den Trettende Fortelling"
Drama-> "Senor Peregrino" eller "La meg synge deg stille sanger"..
Eller "Vindens Skygge" og "Engelens Spill".. HELT FANTASTISKE bøker som jeg bare elsker overalt..!!! Og Erlend Loe.. Alt av Erlend Loe.. Så det er litt av det meste. Men ikke så glad i krim og fantasy.
Enn du???:D
LE:
Kødde du me meg? Faen.
Nøve:
Det er du òg vel!
Stasia:
Eg likar ikkje at verda gir meg teikn, så eg vel å ignorera det. Trur du det er fare for at eg får eit fly i hode då? :O
Men eg byrja å pakka i dag, då^^ Fliiink Kristine.
Løvinnen:
hihi^^Eg tek det som eit kompliment, og bukker og neier!
Eg skal altså lesa Senor Peregrino, sidan eg ikkje skal lesa ei, men hundre bøker i år..
Når du seier eventyr, tenkjer du då på folkeeventyrting?
Eg har "den trettende fortelling" i bokhylla mi i Oslo. Skal lesast til hausten, og det gler eg meg til! Og "la meg synge deg stille sanger" har allereie fått meg til å elska den. Berre med å ha fin tittel. Eg har ei greie for titlar.
Men eg trur du kjem til å lika dei fleste av dei bøkene eg tilrådde deg då, altså ;)
Eg er veldig glad i fantasy, og så har eg ei eller anna rar greie for ungdomsbøker (kjærleik og fantasy) det er i grunn litt sært. Ellers går det i drama.
Når sant skal seiast så sluker eg det meste. Er det bok er det bra. (men eg liker ikkje Ragde. Punktum.)
Loe har eg berre lese ei bok av, Muleum, og eg hoppa eigentleg ikkje i taket då. Men det er no meg^^
Ursula Le Guin er genial! Har du lese "The Left Hand of Darkness"? Fine boka.
Eventyr aktig- som den trettende fortelling ..eller kanskje det blir feil å si eventyr aktig? :/ Men ikke som i folkeeventyr:p
Og vet du hva!! Her i går begynte jeg å lese Hundehode av Morten Hamland. DEN MEST TRAGISKE begynnelsen av alle bøker jeg har lest. Hovedpersonene hadde navn som Bjørk, Askil , Asgeir, Anne Katrine +++ og det var så mye sånn; faren til Asgeir altså dama til Askil, Anne Cahtrine skjønte ikke helt hva Bjørk mente. OG that's freaking me out. Da blir jeg gal! Altfor mye info i få setninger (kanskje du har lest boka og synes den er kjempe bra? da beklager jeg baksnakkingen min av boka) og som sagt, den var gørr kjedelig. Så nå har jeg kjøpt boken Boktyven idag, i ren desperasjon og depresjon.
Liker heller ikke Ragde:/
Morten:
Eg veit! Fantastisk menneske!
Og nei, har ikkje lese den.
Løvinnen:
Eg har ikkje lese den enda, men skal ha det i bakhovudet når eg les den!
Hahahaha! Sånne setningar er skikkelig killer. Til slutt har ein ikkje peiling på kva ein eigentleg har lese. Og nei, eg har ikkje lese ho^^
Årh! Eg skal òg lesa "Boktyven" snart, har berre høyrt lovord om den så eg tipper du har noko å gleda deg til!
Sjølv held eg på å lesa haikerens guide til galaksen greiene. Det er så utruleg festleg lesing!
Legg inn en kommentar