fredag 10. juli 2009

Gotta love me

Jau. Då er eg i Oslo. Og her skal eg visstnok bu om ikkje så alt for lenge. Det er litt rart. Men la oss no sjå litt på dagen min då du!

Altså. Eg sjekka 3 hyblar. Valet datt på den der felleskjøkkenkjøleskapa hadde kjøleskapspoesi på nynorsk. Det luktar målfolk. Finns det målfolk i hyblar på Bjølsen? Er litt usikker på kor lenge eg blir der, då. Sjølv om det var fint, liksom. Eg vil jo ha eige kjøkken. Så eg søkte om overflytting i dag. Spennande vel! Og liksom. Eg elskte det møblerte greiene. Heilt konge møbler! Srsly. Masse bordplass. Og beste skrivepulten.

Berre litt synd at eg har leikeplassutsikt. Det gir litt ljod frå seg.

Så har eg, etter berre nokre timar, klart å introdusert meg sjølv som den klønete tosken til halve Bjølsen (to random karar). Eg likar ikkje sånne vassrenner. De veit, sånne lange hol i bakken som liksom skal stikka av med regnvatnet. Eg likar heller ikkje å ha store føter. Og eg likar definitivt ikkje kombinasjonen av vassrenner (ikkje veit eg kva det heiter, og noko må eg jo kalla det) og store føter. Før eg visste ordet av det så og sei satt eg på bakken, medan eg skreik veldig stygge banneord, og hylte sånn generelt. Gutane framføre meg snudde på ein femtiøring. Og såg lettare forskremde ut. Før det truleg kom fram til at eg var klin gal.

Mamma lo. Så ho grein. Eg grein. Det var vondt, og eg sat fast. Så lo eg. Fordi fyttikatta så sprøtt det var. Og så vondt det gjorde. Og fast, det satt eg. Og gutane sto som spørjeteikn. Å kalla situasjonen absurd burde vera dekkande.

Men laus kom eg, etter ei stund. Og luffa rundt på sokkelesten på Kiwien medan eg spionerte på kjendisar og gjekk litt av kosteskaftet.

Så traff eg Morten. Og eg var så trøyt at dei sosialeantennene mine hadde lagt seg til å sova. Det er ikkje deg Morten, det er meg. Tru meg.

Og så har eg dårleg hårmånad igjen. Då er det alltid fint med omtenksomme butikkdamer som ser medfølande på deg, og seier noko om gratisprøve i posen. Spent ser eg etter så og sei straks eg er utanfor butikkdørene. Eg eig ikkje impulskontroll. Og gjett kva. Eg eig ein prøve på ein eller anna mirakelbalsam, for skada hår. Elsker deg, butikkdama. Tru meg når eg seier at håret mitt er, på lik linje med rommet mitt, ser ut som post-atombombeland.

Sjølvsagt hjelp det ikkje at eg gløymte alt som heiter sminke og toalettsaker heima i Sauda.

Gotta love me.

2 glade mennesker:

Marte sa...

Du får trøste deg med at det går alltid bra til slutt. :)

Morten sa...

Å farga håret altfor mykje har det med å vera ganske skadeleg for håret, skjønar du.

Det var jo ganske artig å treffa på deg, da. Sidan du hadde varsla at du ikkje hadde tid og sånn. Om du går forbi den puben ein annan dag eg ikkje skal på jobb, er det ganske sannsynleg at eg sit der da òg. Så veit du det.

 

Bloggarkiv

Den andre