Nett no har eg ein klassisk søndag. Meg på fiskepiren. Som framleis er båtterminalen i Stavanger. Eg lurer på kor mange gonger eg har skrive "no sit eg på fiskepiren" i eit blogginnlegg. Det kan ikkje vera få, trur eg.
I dag skal eg rett nok berre sitja her ein liten time. Og eg har med mammaen min. Hurra! Me har saman (knapt) overlevd verdas lengste og mest utrivlege togtur. Elsker foreldre som ikkje har kontroll på ungane sine, og som ikkje ein gong prøver å ha kontroll. Men derimot tykkjer det er heilt konge når ungane spring rundt i togvogna og hyler høgare enn ein stukket, kastrert grisunge. Godt at togturen mellom Oslo og Bryne ikkje tok meir enn 8 timar i dag (toget var jo sjølvsagt forsinka i tillegg, alt anna ville jo vore for dumt). I grunn var det godt dei skulle heilt til Bryne, og ikkje berre kunna hoppa av i Asker.
Eg har vondt i hovudet mitt. Og eg trur ikkje eg skal ha ungar på ei stund, altså.
Ellers, gler meg til å koma meg heim. Jobb i morgon tidleg. Hurra. Og så har eg ymse pakkeprosjekt på gang, så eg får vel nesten berre slå meg laus med det.
Og sant det er normalt å ta telefonen når eit sit i badekaret?!
søndag 12. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 glade mennesker:
Det er helt normalt å ta telefonen når en har anledning, og i badekaret har en jo det, så ja: det er normalt :)
Når telefonen min ringer når jeg er i dusjen, forter jeg meg å skru av vannet, strekker meg etter tlf, stikker hodet ut og svarer at "jeg ringer opp igjen om ti min, må bare få skylt ut balsamen først!"
Å ta telefonen er ein bra ting, alltid. Eg kjem på tre unntak: 1. I dusjen, det har det med å øydeleggja telefonen. 2. Når ein er på do, alle veit at folk går på do no og da, men ingen vil høyra på det. 3. Når ein har sex, det fornærmar to menneske på ein gong (avhengig av kor mange som er involvert sexen/telefonsamtala, sjølvsagt).
Jeg kan snakke i telefonen både i badekaret og når jeg står i håndkle på meg etterpå.. Men det er litt rart, og sånn som når sjefen min ringte for litt siden når jeg akkurat hadde dusjet,- og hun lo og lo! Etterhvert spurte hun om jeg var naken.. Da følte jeg meg litt rar:/ (men hvem er den rare??) jada jada.. Toalett..? Tjaaaaaa..
Det koster jo 85 kr for pudderet med porto... Så det blir jo under momsgrensen (200 kr) Og det er jo helt fantastisk..:D For ID er jo bare oppskrytt...:p
Legg inn en kommentar