Eg held på å gå frå vett og forstand no. Seriøst. Eg kan ikkje hugsa sist eg var i ei tidsklemma av slik ein dimensjon. Seriøst. Det er debattar som skal tenkast på (tenking er i seg sjølv ein særs krevande aktivitet). Det er telefonar som skal telefonerast, "hei, skarru verra me på skulering? Konge! Heng du med rundt på skulane òg eller?", ja det går litt i det. Så er det det fantastiske Aftenblad-bloggprosjektet. Der er eg på etterskot igjen. Hurra. Så er det rom som skal ordnast litt (vaskast tildømes), og så skal eg til Oslo på torsdagsmorgon, så det skal pakkast ein del der til type hybel. Og det må eg òg gjera.
Nemnde eg at alt dette skal vera gjort før klokka to i morgon? Fordi eg skal nemlig på ettermiddag då. Hurra. Og eg kjenner eg kjem til å ha seriøse problem med å koma meg opp før klokka 9 morgon, er klin gåen. Har liksom ikkje fått pusta ut etter at eg kom heim, føler eg. Stress. Skal nesten bli godt å bli ferdig med sumarferie. Og valet. Særleg sistnemde. Bigtime.
Og ja. Latterleg lågt nivå på detta blogginnlegget. Men altså. Hovudet mitt har litt kortslutta. Og eg har latterleg høg puls. Nemnde eg at ordet latterleg er latterleg kult?
tirsdag 7. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 glade mennesker:
Tri råd:
- Ipod
- Knekkebrød, pålegg og litt tørka frukt/nøter i veska
- Stel klemmar av folk
Så klarer du deg ein stund til. Eller forelsk deg, ein kan leva lenge på luft og kjærleik :)
Dette må jeg bare følge. Både spenning, og finpussing på nynorskferdighetene. Genialt!
Eva:
Du er ein knupp!
Anette:
Det må du gjerna gjera^^ Skjønt, eg er litt usikker på kvar du får spenningen frå XD
Legg inn en kommentar