Det har jamnt over vore ein grei dag. Eller noko. Eg har i alle fall vore på jobb, og det er kjekt. Faktisk. Eg har ein utruleg kosleg jobb, det er så masse fine mennesker i verda!
Sånn reint bortsett frå det har eg byrja å riva macen min frå kvarandre (fysisk). Og eg har verdas kjipaste neglelakkdeal gåande (med neglene mine). Og eg satt meg på solbrillene til mamma (dei er like heile, altså). Og så har eg sett heile fyrste sesong av Lipstick Jungle (eg er så fasinert av alle desse "wannabe-sex-and-the-city-seriane" som berre dukka opp av ingenting). Og så har eg ete alt for mykje snop (sånne fancy bilar er utruleg gode!). Og så har eg drukke te. Og tatt verdas lengste fotbad. Og har planar om å sova med hårkur i håret. Så har eg henta posten på Kiwi, som betyr pakkepost. Og pakkeposten var full av andre sine ting (eg er snill) og "arr i sjelen". Fordi eg konvertert frå bok-krim til tv-krim.
I morgon skal eg ikkje på jobb. Og det skal i grunn bli bra det òg. Då har eg planar om store ting, som å pakka livet mitt i esker, igjen. Og setja opp eit treingsprogram. Og vaska ut hårkuren min. Og kanskje blogga litt om den jålebøtta eg eigentleg er. Og så var det denne Prahablogginga som byrjar å hasta litt, då. Men me får sjå. Ingenting er gitt på førehand. Er det vel?
Og no føler eg at eg fekk til eit ganske meiningslust blogginnlegg, igjen. Men det er jo trass alt det eg er god på. Trur eg.
Har du nokre tankar å dela med meg?
mandag 13. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 glade mennesker:
Legg inn en kommentar